
– Tala talar for seg sjølv. 2015 var eit år med god aktivitet for selskapet, seier salssjef i Marin Teknikk, Richard Gjerde til Nett.no.
Møre-selskapet auka omsetninga frå 168,3 i 2014 til 194,1 millionar kroner, i fjor og sat att med eit resultat før skatt på 53,9 millionar kroner – begge deler solide nye rekordar.
Eigarane kunne hente ut eit ekstraordinært utbyte på 30 millionar kroner, men sit likevel att med ein solid eigenkapital (61 millionar) og overkomeleg gjeld (115 millionar).
Ingen permitteringar
Richard Gjerde seier at det ser tøffare ut i år.
– Det er meir krevjande tider, men vi krummar nakken og jobbar hardt for å sikre oss nye kontraktar og meir arbeid.
– Heldigvis har vi unngått permitteringar.
Cruise og gruvedrift
Etter at bygginga av offshoreskip så godt som stoppa opp, har selskapet satsa stort på cruise/yacht-marknaden, i tillegg til undersjøisk gruvedrift.
Mellom anna har selskapet designa dei to Kleven-bygde superyachtane til New Zealand-milliardæren Graeme Hart, samt eit diamantleiteskip til namibiske De Beers Marine Namibia.
I tillegg arbeider selskapet med eit heilt nytt konsept for alternativ bruk av offshoreskip.
– Mykje spennande
Richard Gjerde trur på nye kontraktar relativt snart.
– Vi jobbar med mykje spennande, og har god tru framover.
Selskapet i Dragsund hadde 63 tilsette ved årsskiftet. I tillegg kjem tilsette ved dotterselskapa i polske Stettin og Gdansk, der det første hadde nullresultat i fjor, og det andre gjekk med vel ein million i overskot.
Selskapet er eigd av Marin Group, der dagleg leiar Svein Rune Gjerde er hovudaksjonær med 55 prosent av aksjane. Dei resterande aksjane er likt fordelte mellom Richard Gjerde, Myrthle Gjerde og Dagrun Wiik Gjerde.