Konsernet Hareid Elektriske prosjekterer og utfører elektriske installasjoner på skip, bygg, boligar, industrianlegg og samferdselsprosjekt. Dei har også produksjon av styrepulter, el-tavler, startarar og andre elektriske styresystem.
– Vi har ein betydeleg ordrereserve både på den maritime sida og bygg/industri, og vi er heldig som har ein god ordrereserve som strekker seg to år fram i tid. Vi er i den situasjonen at vi tilset folk, i hovedsak ingeniørar, noko som vi er glad for. Men vi ventar at 2017 også vil vere eit krevjande år, seier adm. direktør Ronald Dyrhol i Hareid Group til Nett.no.
Konsernet hadde 625 årsverk i fjor.
Ventar ikkje fleire nedskrivingar
Konsernet hadde i fjor driftsinntekter på 752 millioner (773 i 2015) og resultatet i fjor vart eit underskot før skatt på 27 millioner.
Det er store nedskrivingar som gjer at det vart eit underskot også i fjor.
– 2017 var eit greitt år for både handelsdivisjonen og bygg/industri, men tala er prega av dårlege tider i det maritime. I tillegg er resultatet prega av store nedskrivingar på offshore-reiarlag, men vi ventar ikkje at det kjem fleire nedskrivingar no, seier Dyrhol.
Det er i hovedsak investeringane i Rem og Eidesvik som er nedskrive. I tillegg har dei gjort ei nedskriving på 12 millioner i det danske dotterselskapet HG Electric.
Året før tok dei nærmare 12 millioner i nedskrivingar i aksjeinvesteringane i offshore og det vart eit stort underskot også då.
Sju dotterselskap
Hareid Elektriske as er morselskap i Hareid Group og har sju heileigde dotterselskap; Hareid Elektriske Teknikk (no HG Teknikk), HG Elektro, HG Handel, HG Eiendom 1, HG Support, HG International og HG Electric i Danmark.
Dei eig i tillegg nesten 75 prosent i Harwest Elektro og majoritetseigar i det polske selskapet HG Solutions Sp.Z.o.o. og i Polar El as på Grønland. Dei eig også 51 prosent av aksjene i Humlen og Molvær Elektro, samt betydlege aksjepostar i andre selskap.
HG Teknikk står for ein stor del av omsetninga, i fjor omsette dei for 360 millioner kroner. Medan dei hadde god vekst i perioden 2012-2014, har omsetninga gått ned med omlag 10 prosent både i 2015 og 2016.